PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Data for Seniorer

   

Arna Frivilligsentral har i, samarbeid med Seniornett Norge, dataopplæring for seniorer. Dette er ein svært populær aktivitet, og då i hovudsak i form av datakafeen vår.

Frivilligsentralen / Seniornett Arna har eit tilbod for deg som er, eller trur du kan verta, interessert i data. Me har eit fast datatreff i lokala våre på torsdagar klokka 11-13. Innimellom håpar me å kunna ha temadagar og / eller invitera gjeste-føredragshaldarar til datakaféen.
Me kan, saman med nokre frivillige, hjelpa med enkle tekniske spørsmål eller rettleia i bruk av til dømes internett, Facebook, Youtube, nettbank, e-post og tekstprogram. Sentralen har nokre datamaskiner tilgjengeleg, både Dukapc og "vanleg". Og har du eigen berbar PC kan du ta den med og kople deg til Internett her (hugs straumadaptar).
Det vert servert kaffi/te og noko attåt.
Pris:
kr. 30 om ein er medlem i Seniornett
kr. 50 om ein ikkje er medlem
Alle er velkomne. Inga påmelding, berre kom.
Kontakt: monica.nesse@arna.frivilligsentral.no / 55 24 38 10


I tillegg kan me tilby datakurs ( både nybegynner- og videregående kurs) på førespurnad.

 

 

Ta gjerne kontakt med oss:

Arna Frivilligsentral
Peter Jebsensvei 19 (2.etg - over CoopPrix-butikken)
5265 Ytre Arna
Postboks 3, Ytre Arna
5889  Bergen

Tlf:   55 24 38 10
E-post:
arnafriv@online.no

tasteklubb.jpg